Fann du ikkje det du søkte?

Sjå til at du ikkje skriv namnet fullt ut - stavemåten har endra seg opp gjennom tidene og det du skriv idag treng ikkje vera slik det står skrive i kjelda. Skriv berre ein bit av namnet og vel det søkjekriteriet som passar ("børjar på" eller "inneheld").

For fleire gode råd og søkjetips, les nedanfor.

Ikkje alle data for Digitalarkivet er med i dette globale søket. Om du ikkje finn det du leitar etter her, kan du søkja i einskilde kjelder eller kjeldeserier. Sjå framsida til Digitalarkivet for snarvegar til det mest etterspurde materialet.

Rettleiing globalt søk i Digitalarkivet

Det globale søket omfattar personar frå dei fleste databasane i Digitalarkivet. Føresetnaden er at førenamnet står i ei kolonne merka Førenamn og etternamnet i ei merka Etternamn. Står det fleire personar på same linje (t.d. der barn og foreldre i ein dåp står på same linja) vil berre person med nemnde kolonneoverskrifter bli tekne med i søket. Etter kvart som me får omforma dei gamle databasane våre til 'nytt' format skal nok dette koma seg.

Fødselsår

Eit anna problem i det globale søket er fødselsår. Her har me to problem, i det minste.
For det første er alder/fødselsår skrivne på utruleg mange forskjellige måtar. Det er urealistisk at systemet vårt skal klara å omforma alle desse til rett fødselsår.
Det neste problemet er at mange ikkje har fødselsår eller alder oppgjeve. Då prøver systemet etter beste evne å estimera eit fødselsår:
Ein konfirmant er rekna å vera fødd 16 år før konfirmasjonen, foreldre til eit dåpsbarn 35 år før, medan fadrar er rekna å vera fødd 60 år før. (Det er for mykje og skal setjast ned.) Brurepar er rekna å vera 30 år gamle. Elles reknar me at folk er 40 då dei vart registrert.
Som du forstår blir det nokså omtrent for dei som ikkje har oppgjeve alder/fødselsår.

Når du søkjer bør du altså setja nokså romslege fødselsårsgrenser.

Mange stavemåtar av namn

Namn kan stavast på så mange måtar. I tillegg er det sjølvsagt mange stavefeil. Alt i alt har me registrert vel 160.000 forskjellige stavemåtar av førenamn. Det finst fleire måtar å nærma seg dette problemet på:

  1. Du kan skriva så mange forskjellige stavemåtar av namnet du vil i søkefeltet. Systemet vil då finna dei som enten har det eine eller det andre namnet.
    Døme: skriv du nils niels i søkefeltet vil både Nils og Niels bli funne.
  2. Du kan oppgje alternative bokstavar.
    I databasane finst både Cari og Kari. Skriv du [ck]ari vil systemtet finna både Kari og Cari.
    Fleire bokstavar i hakeparentesar betyr at ein av bokstavane må finnast. Skriv du [ck][h]ristian vil både Kristian og Christian bli funne.
    Ein enkelt bokstav i hakeparentesar betyr av bokstaven kan finnast.
    [ck][h]risto* vil finna dei fleste stavemåtar av Kristoffer.
    * betyr at her kan stå kva som helst, inkludert ingenting. Stjerna tilsvarer her i realiteten børjar på. an*e vil finna både anne og ane. Du kan altså skriva stjerna kvar du vil i søkeordet og ha så mange du vil.
    ?ari finn namn som kan starta på kva som helst, men som består av fire bokstavar og endar på ari (kari, mari osv).
  3. Du kan skriv %henrik. Programmet vil då føreta ei såkalla SoundEx-samanlikning av det du søkjer etter. SoundEx er utvikla for amerikanske namn og vil aldri fungera heilt godt for norske namn. Det vil normalt gje altfor mange treff.

I begge dei siste to tilfella vil du få ei liste av namn som du kan klikka for å få med i utvalet ditt. Ver elles merksam på at systemet ikkje gjer forskjell på store og små bokstavar.

Når du er ferdig kan du velja å søka i t.d. etternamn og gjer det der på same måten.

Dobbeltnamn

Skal du finna t.d. Anne Marie søkjer du først på anne og vel så Førenamn ein gong til og søkjer på marie.
Då vil du få dei som både heiter både Anne og Marie.

Skriv du derimot anne marie i same søkeboksen vil du få dei som enten heiter Anne eller Marie.

Sjå dei valde postane

Talet som viser kor mange du har funne er ei lenkje. Trykk den og du vil få opp ei liste over databasar dei funne personane finst i. Trykkjer du i boksen framom kommunenamnet vil du få ei liste over dei funne postane, med lenkje til databasen.

Kva er med og kva er ikkje med?

Det er fleire grunnar til at informasjon frå databasane ikkje er med i det globale søket:

  1. I utgangspunktet er alle databasar i Digitalarkivet som innheld identifiserbare namn med i det globale søket. Identifiserbare vil sei at dei inneheld kolonneoverskriftene Førenamn og Etternamn. Gjer dei ikkje det vil dei ikkje koma med. Ein skal også merka seg at personopplysningar som ikkje har ei slik kolonneoverskrift kjem ikkje med. Det fører m.a. til at om t.d. både barn og foreldre står på same linja vil normalt foreldra ikkje koma med. Etter kvart vil slike databasar bli konverterte og koma med i det globale søket.
    Vis databasar der det ikkje er funne namn
  2. Ein del informasjon ligg ikkje i databasar og vil då ikkje koma med i det globale søket. Det gjeld t.d. tingbøker. Her kan ein tenkja seg at det vert utarbeid indeksar som gjer at også desse kan koma med i globalt søk. Dei skanna kyrkjebøkene kjem i same kategori.
    Vis databasar som ikkje er forsøkt lagde inn i globalt søk