For å kome i kontakt med oss

For at ikkje all kapasiteten til dei tilsette i Digitalarkivet skal brukast til å svara på e-postar, har me oppretta to debattforum der brukarane kan leggja inn spørsmål og meldingar til dei tilsette i Digitalarkivet og til andre brukarar. Arkivforumet skal brukast til spørsmål som er stila til Digitalarkivet eller til Statsarkivet i Bergen, medan alle andre spørsmål og meldingar skal plasserast i brukarforumet. Les meir om reglar for bruk av debattforaene her. Temaene i desse to to debattforaene vert til saman lesne meir enn 300 000 gonger i løpet av eitt år, og dei er til stor hjelp for oss på fleire vis. Kvar gong me løyser eit problem i debattane, løyser me det ofte for fleire personar. På det viset treng me ikkje nytte tida vår på å svare på mange e-postar om det same emnet. I tillegg er det svært mange av våre brukarar som sit inne med store kunnskapar og er glade for å hjelpa andre. Brukarane vil difor oftast få meir og betre hjelp enn dei kunne rekna med om dei kontakta Digitalarkivet direkte.

Hjelp oss å nytte tida vår riktig - om du har eit problem eller eit emne du ynskjer å diskutere, gå fram på følgjande måte:

  1. Søk i databasane og sjå om du klarer å finne svar på spørsmålet gjennom materialet me har i Digitalarkivet og Digitalpensjonatet; bruk eventuelt hjelpesider, dokumentasjon, og/eller artiklar. Er du usikker på korleis du brukar Digitalarkivet, kan du starta med å lesa denne.
  2. Søk i debattforaa om det er likelydande spørsmål der som kan gi deg ein ledetråd eller eit svar. Her finn du ei enkel brukarrettleiing for debattforaa.
  3. Finn du ikkje svar nokon stad, lagar du eit nytt tema i eit av debattforaa. Sjå til at det du skriv høver seg for internett, ver gild og les retningslinene før du skriv.
  4. Ynskjer du ikkje at andre skal lese spørsmålet ditt, eller om spørsmålet er av ein slik art at det ikkje eignar seg for ålmenta (jfr. ordensreglane), send ein e-post til Digitalarkivet: digitalarkivet@arkivverket.no, så skal me forsøka å svara så raskt me kan.

Anette Skogseth Clausen arbeidar i Digitalarkivet med å leggja ut databasar og andre digitaliserte kjelder, svara på spørsmål frå brukarar og administrera nettsidene.

Knut Olav Holvik arbeidar i Digitalarkivet med å svare på spørsmål frå brukarar, administrera debattfora og namneindeksering av kyrkjebøker. Han tek seg og av sal av folketeljingsutskrifter. Ved høve legg han ut databasar og digitale bøker.

Monica Johansen arbeidar i Statsarkivet i Bergen, men tek seg av journalføringa for Digitalarkivet.

Kristian Strømme (vikar) arbeidar i Statsarkivet i Bergen, men hjelp til i Digitalarkivet med å legga ut digitale bøker og databasar når me har stort press.

Jan Oldervoll er førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Han har laga all programvaren til Digitalarkivet og han tek og seg av det meste av serveradministreringa. Du vil sjå at han svarar på spørsmål i Arkivforumet som gjeld tekniske løysingar på nettstaden eller andre emne knytta til IT og internett.

Yngve Nedrebø er statsarkivar ved Statsarkivet i Bergen og sjefen i Digitalarkivet. Han svarar i Arkivforumet på spørsmål retta til Statsarkivet i Bergen og andre spørsmål han veit svaret til.

Bente Kopperdal Hervik (permisjon)

Marianne Bjordal Strømsholm (permisjon)